Prosjekt- og kontraktsstyringsverktøyet Unosys sørgjer for effektive prosjekt der alle prosjektdeltakarar har tilgang til naudsynt og oppdatert informasjon, og der prosjektdeltakarane har oversikt over status for alle prosessar og oppgåver.

Unosys bidrar til at ulike oppgåver og prosessar i prosjekta blir gjennomført på ein effektiv måte og i henhold til ”best practice”. Unosys sørgjer samstundes for at leiinga av prosjekta har særs god og oppdatert oversikt over all styringsinformasjon. Utfordringar og problem identifiserast effektivt slik at tiltak kan iverksettast for å sikre ein best mogleg prosjektgjennomføring. 

Utvikla i samarbeid med Lyse

Unosys er eit prosjekt- og kontraktsstyringssystem som Pecom har utvikla i samarbeid med Lyse. Unosys er basert på 25 års erfaring frå store industriprosjekt, blant anna frå Hydro og Lyse.

Målsetjinga med Unosys har vore å forbetre kvaliteten og effektiviteten i prosjekta, redusere administrasjonen og sørgje for ein betre oversikt over viktig informasjon, såkalla styringsinformasjon. Pecom har i sine prosjekt fokus på at aksjonar og oppgåver skal, i den grad dette er mogleg, løysast uavhengig av møter. 

Pecom har i samarbeid med Lyse lagt stor vekt på å etablere og beskrive best mogleg prosessar og arbeidsflyter for utføring av ulike, viktige oppgåver som handtering av grensesnitt, dokumenthandtering, risikostyring, økonomioppfølging, framdriftsoppfølging, oppfølging av kvalitet, systematisk ferdigstilling og oppfølging av HMS og SHA. 

Skjermbilde frå Unosys.

Rollebasert modular for effektiv handtering av oppgåver

Dei tradisjonelle prosjektstyringsverktøya som blir nytta i bransjen har fokusert på informasjonsdeling og fleksible system. Under utviklinga av Unosys har Pecom fokusert på å utvikle ferdige, rollebaserte modular for ein mest mogleg effektiv og gjenkjenneleg prosjektgjennomføring.

Da systemet blir nytta til styring av store kontraktar har sikkerheit i systemet vore viktig. Alle prosjektdeltakarar skal kunne stole på at tilgjengeleg informasjon er korrekt og oppdatert, og at ingen skal kunne endre eller fjerne informasjon som er lagt inn.

Unosys erstattar blant anna bruk av e-post for korrespondanse mellom prosjektdeltakarane, både internt og eksternt.

Prosjektstyringsverktøyet er ein føresetnad for at Lyse kan køyre store, komplekse prosjekt med opp til 15-20 store kontraktar og tilhøyrande grensesnitt, og samtidig ha særs god kontroll på framdrift, grensesnitt, kvalitet og kostnadar. 

Styringsinformasjon

Tilgangen til oppdatert og omforent styringsinformasjon medfører at prosjektleiinga kan prioritere ressursbruk på ein langt betre måte enn ved tradisjonell prosjektstyring. Alle prosjektdeltakarane, både interne og eksterne, har tilgang til den same, oppdaterte informasjonen.

Prosjektstyringsverktøyet er det einaste offisielle kommunikasjonssystemet i prosjekta. All informasjon finst derfor berre ein plass, og ein unngår unødvendig tidsbruk med flytting av informasjon mellom system. Alle typar aksjonar og oppgåver registrerast og følgast opp som oppføringar i ulike datalister tilpassa kvar enkelt oppgåve.

Skjermbilde frå Unosys.