Lysebotn II kraftverk

Pecom er innleidd til Lyse Produksjon AS og har ansvar for prosjektleiing for Lysebotn kraftverk. I tillegg har Pecom prosjekteringsleiinga, kontraktsansvar for elektromekaniske kontraktar, ansvar for kvalitetssystem, prosjektstyringsverktøy og systematisk ferdigstilling. Det nye Lysebotn II kraftverk skal erstatte eksisterande kraftverk i Lysebotn, og skal settast i drift sommaren 2018.

Det nye kraftverket utnyttar eksisterande magasin og reguleringar. Kraftverket vil få ein samla yting på 2 x 215 MVA og ein årleg produksjon på 1,5 TWh. Kraftverket kan driftast som fasekompensator og kan køyrast frå stengt vassveg til full effekt på 60 sekunder.