Jølstra kraftverk

I 2017 fekk Sunnfjord Energi klarsignal på konsesjonssøknaden for utbygging av Jølstra kraftverk. Jølstra kraftverk vil nytte fallet i Jølstra mellom Jølstravatnet og Movatnet. Kraftverket vil ha ein årleg produksjon på 209 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 10 000 husstandar.

Pecom har vore innleigd til Sunnfjord Energi AS for å utarbeide dei elektromekaniske kontraktane for Jølstra Kraftverk i samarbeid med Multiconsult AS og Sunnfjord Energi AS. Kontraktane er no signert og Pecom har fått ansvaret for oppfølging av kontraktane for generatorer, transformatorar og apparat- og kontrollanlegg i gjennomføringsfasen.

I tillegg blir Pecom AS sitt prosjektstyringsverktøy, Unosys, nytta som prosjektstyringssystem for dei elektromekaniske kontraktane.