Produkt

Pecom sine produkt er utvikla for å understøtte:

  • Oppgåver, arbeidsflyt og informasjonsutveksling i prosjekta.
  • Prosjektmodell med tilhøyrande prosjekthandbok og prosjekt- og kontraktstyringssystemet Unosys.
  • Organisering og rollefordeling i prosjekta.

Unosys er profesjonell prosjektstyring satt i system:

  • Unosys er ei programvare som er utvikla for å understøtte produkta, og har hatt 1000 brukarar i gjennomsnitt dei siste 5 åra.

Produkta har følgande målsetting:

  • Sikre verdiskapning for prosjekteigar.
  • All informasjon skal samlast på ein stad og skal effektivisere og strukturere alle arbeidsoppgåver og informasjonsflyt i prosjekta.
  • Effektiv og profesjonell leiing av prosjekta.

Målsetting med produkta

  • Optimalisere lønnsemd for prosjekta.
  • Sørge for at prosjekta er tilstrekkeleg modent og at nødvendig dokumentasjon og avklaringar er på plass før prosjekta går vidare til neste fase.
  • Sørge for nødvendig eigarskap i prosjekteigar sin organisasjon.
  • Produkta skal gjennomførast i samsvar med Pecom sin «Best practice» og skal understøttast av prosjekt- og
  • kontraktstyringssystem basert på arbeidsprosesser i Unosys.
  • Alle oppgåver automatiserast og digitaliserast slik at enkle oppgåver og rutineoppgåver kan løysast effektiv og prosjektleiinga kan fokusere på dei viktigare oppgåvene.
  • All styringsinformasjon skal rapporterast automatisk. Prosjekteigarar skal ha tilgang til automatiske rapporter med tilhøyrande styringsinformasjon.
  • Prosjekteigarar skal ha full innsyn i status for alle oppgåver, framdrift, økonomi og kvalitet ved å ha tilgang til styringssystemet.

Prosjekt- og kontraktstyring

Tidlegfase studiar

  • Prosjekthandbok med dokumenthierarki og dokumentmalar for kvalitetssikker gjennomføring av forstudiar og førebuande gjennomføring for av prosjektet.
  • Kontraktstrategi med god kjennskap til marknaden og god systematikk for oppfølging av prosjekta med inndeling av delleveransar og tilhøyrande grensesnitt.
  • Prosjektorganisering som sikrar tilstrekkeleg kompetanse, erfaring og kapasitet.
  • Kontraktsmalar med god struktur og effektiv arbeidsmetodikk for utarbeiding av førespurnadar. Fokus på design basis og framdriftsplan med tilhøyrande grensesnitt.

Prosjekt- og kontraktstyringssystem

  • Prosjekt- og kontraktstyringssystemet Unosys er bygd opp for å understøtte alle arbeidsprosessar som Pecom legg til grunn for sikker førebuing, gjennomføring og avslutning av prosjekt. Les meir om Unosys her.

Kontraktstyring i gjennomføringsfasen

  • Kommersiell oppfølging av kontraktane med arbeidsflyt for oppfølging og handtering av endringar, potensielle endringar, prognose, milepelar, målebrev, betaling, framdrift og kvalitet. Desse arbeidsflytane er i samsvar med alle aktuelle kontraktstandardar.
  • Teknisk oppfølging av kontraktane med arbeidsflyt for oppfølging og handtering av tekniske og framdriftsmessige avklaringar, fråvikssøknadar og manglar, samt utgiving, gjennomgang og kommentering av leverandørens dokumentasjon og handtering av arbeidsteikningar.

Handtering av grensesnitt

  • Teknisk oppfølging av grensesnitt med arbeidsflyt for avklaring av grensesnittinformasjon og fysiske grensesnitt mellom leverandørane.

Handtering av risiko og HMS/SHA

  • Registrering og oppfølging av risikoelement med tilhøyrande, spesifikke risikoreduserande tiltak i risikomatrisa. Dei risikoreduserande tiltaka adresserast med klart definerte aksjonar, tidsfrist og ansvarleg.
  • Registrering og fortløpande oppfølging og lukking av Rapportert Uønskte Hending (RUH). Kvar RUH adresserast med tiltak, tidsfrist og ansvarleg.
  • Planlegging, registrering og gjennomføring av Sikker Jobb Analyse.

Systematisk ferdigstilling

  • Inndeling av anlegget i funksjonelle pakkar for mekanisk ferdigstilling og systemutprøving i samarbeid med leverandørane og prosjekteigar.
  • Flytskjema for systemutprøving som viser pakkane og avhengigheit mellom desse.
  • Framdriftsplan / sekkediagram for systemutprøving og mekanisk ferdigstilling basert på flytskjema, avhengigheit mellom dei ulike pakkane, og varigheit for kvar aktivitet.
  • Oppfølging av status for pakkar for mekanisk ferdigstilling og systemutprøving synleggjer framdrifta i prosjekta på ein effektiv måte. Alle pakkane for mekanisk ferdigstilling og systemutprøvingspakkane følgjer ein strukturert arbeidsflyt frå start fabrikktest til overtaking av kvar enkelt pakke. For kvar pakke framkjem alle manglar som registrerast fortløpande knytt til fabrikktest, mekanisk ferdigstilling eller systemutprøving.
  • Rapportering frå systematisk ferdigstilling gjer ein viktig og god oversikt over framdrift og status for anlegget.