Om Pecom

Pecom er eit konsulentselskap med 10 tilsette som blei starta opp av Bjørn Roger Otterdal og Jonny Pedersen i 2014. Pecom har hovudkontor i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane. Både Bjørn Roger Otterdal og Jonny Pedersen er sivilingeniørar frå NTNU, og begge har meir enn 25 års erfaring med gjennomføring av store og mellomstore prosjekt i Norge og internasjonalt.

Pecom sørgjer for profesjonell leiing av store og mellomstore prosjekt og tar ansvar i nøkkelroller i prosjekta inklusive prosjektleiing, prosjekteringsleiing, byggjeleiing, disiplinansvar, kontraktsansvar, HMS leiing og leiing av systematisk ferdigstilling.

Pecom arbeider med prosjekt innanfor energi, industri, offentlege bygg, samferdsel og offshore. Pecom leiar og bidrar i alle fasar av prosjekta, frå idestudie til ferdigstilling og prosjektavslutning.

Pecom har ein betydeleg gjennomføringskompetanse. Alle prosjekt som Pecom og nøkkelpersonell som no arbeider i Pecom har vore involvert i, har blitt gjennomført i henhold til avtalte tidsfristar, til avtalt kostnad, med avtalt kvalitet, og med eit særs godt HMS resultat. Dette sikrar forutsigbarheit og lønnsemd for prosjekteigarane.

Pecom har dyktige medarbeidarar og gode prosessar og system for gjennomføring og oppfølging av prosjekt. Pecom har saman med Lyse utarbeida eit særs effektivt prosjekt- og kontraktsstyringsverktøy som nyttast i alle fasar av prosjektgjennomføringa.

Pecom AS

Ysteneset
6968 Flekke